Personvernerklæring

Personvernerklæring for fordeboblefotball.no (sist oppdatert 29.05.2022)

Denne personvernerklæring fortel deg korleis fordeboblefotball.no samlar inn og behandlar personopplysningar om deg.

1. Behandlingsansvarleg

DugnadsKompaniet AS (org. nr. 927 477 092 ) er ansvarleg for selskapet si behandling av personopplysningar. Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa og om korleis vi behandlar opplysningar om deg, ta kontakt med oss via https://fordeboblefotball.no/kontakt-oss/

2. Personopplysningar som samlast

Når du besøker sida vår lagrar vi informasjon om enheten din, som nettlesar, IP-adresse, tidssone, og eventuelt “cookies” du har på nettsida. Vi lagrar også korleis du samhandlar med nettsida vår. Dette gjer vi for å gi kundane våre ei god handelsoppleving.

Når du bestiller noko på vår side samlar vi i tillegg opplysningar som e-post-adresse, fysisk adresse, telefonnummer, namn, etternamn og betalingsinformasjon. Denne opplysningane treng vi for å gjennomføre di bestilling, samt kontakte deg dersom det skulle oppstå problem med bestillinga eller eventuelle andre ting som det er viktig at du som kunde får med deg. Opplysningane trengst i tillegg ved reklamasjonssaker.

3. Føremål med innsamlinga

Vi behandlar dine personopplysningar for å kunne gjennomføre bestillingar og for å kunne halde våre forpliktingar med deg som kunde. Vi brukar i tillegg opplysningane for å kunne gi deg informasjon, tilbod og service i forbindelse med ditt kjøp.

Vi brukar også dine personopplysningar for å gi deg ein betre oppleving på nettsida, samt personalisere innhald og marknadsføring.

4. Deling av personopplysningar

Nettsida vår er avhengig av fleire eksterne partar for å fungere. For å kunne oppnå alle føremål nemnd i §3, må vi dele dine personopplysningar med fleire partar:

Google Analytics

Førde Boblefotball samlar inn data om korleis du samhandlar med nettsida, og lagar statistikkar på dette ved hjelp av Google Analytics. Dette hjelper oss i å føre statistikk over nettsida vår og gjere den betre. Opplysningane i Google Analytics lar oss ikkje knyte besøket ditt til deg som enkeltperson. Opplysningar sendt til Google Analytics vert lagra på Google sine serverar, og er underlagt deira personvernerklæring: https://policies.google.com/privacy?hl=no

Dersom du ønskjer at vi ikkje skal ta imot opplysningar om ditt besøk via Google Analytics, kan du installere utvidinga som er tilgjengeleg her: https://tools.google.com/dlpage/gaoptout

Facebook Pixel

Førde Boblefotball brukar Facebook Pixel for å måle korleis personar samhandlar mellom nettsida vår og Facebook. Dette treng vi for å kunne vite om annonsekampanjane våre fungerer, i tillegg til å kunne gi kundane våre betre tilpassa innhald og reklame. Opplysningane Facebook Pixel samlar inn vert lagra på Facebook sine serverar, og er underlagt deira personvernerklæring: https://www.facebook.com/policy.php . Du kan skru av personaliserte reklamer under https://www.facebook.com/settings/?tab=ads

Du har rett til å krevje innsyn i og korrigering av uriktige personopplysningar om deg. Du kan når som helst be oss om å sende informasjon om deg, til deg. Informasjonen vil då bli sendt i ei kryptert fil som du kan opne på di datamaskin. Du kan krevje innsyn i denne opplysningane ved å sende oss ei henvending via ein av metodane under https://fordeboblefotball.no/kontakt-oss/ . Merk deg at vi ikkje kan sende ut opplysningar om deg frå eksterne partar. Du må derfor kontakte dei direkte.

Du kan når som helst be oss slette personopplysningar om deg dersom vi ikkje er lovleg forplikta til å behalde desse (t.d. i henhold til bokføringslova).

Dersom du føler at vi ikkje behandlar dine personopplysningar i henhold til denne erklæringa, har du rett til å klage til Datatilsynet.

6. Forbehold

Førde Boblefotball forbeholder seg retten til å endre personvernerklæringa utan varsel. Dersom endringane inneber meir enn redaksjonelle endringar, vil ny revidert versjon stå på toppen.

Leave a Comment

Your email address will not be published.